Nordvestguiden

×

Endre sted
eller Bla steder

Generelt

Fræna kommune




Fræna kommune



Firma beskrivelse
Fræna kommune kan tilby rimelige næringstomter og areal, samt bistå med etablering av bedrift i kommunen. Ta kontakt for ytterligere veiledning og informasjon.

Rimelige næringslokaler i Fræna komune?

Attraktive næringstomter?

Sjekk ut informasjon hos Fræna kommune Link, og ta kontakt med Geir Tore Vestad, tlf. 71 26 81 00.

Næringstomter

Ønskjer du å starte bedrift i Fræna kommune kan vi by på ei rekkje ulike, offentlege næringsareal tilpassa ulik form for næringsaktivitet på forsjellige stadar i kommunen. Har du behov for industritomt eller forretningstomt, tilgang til kai eller gode hamnetilhøve, eller er det kanskje avstand til flyplass som teljer.

Industritomter
Industritomter  

Vi reknar med at i eit av kommunen sine forretnings- og industriområde vil du finne tilhøve som høver godt for di etablering.

 

Starte bedrift eller relokalisere eksisterande bedrift i Fræna?

Går du med planar om å Starte eiga bedrift i Fræna? Ta kontakt med Hoppid.no-kontoret for Fræna på telefon 900 14 142 eller næringskonsulenten i kommunen på 712 68 110, - der vil du få hjelp til å komme vidare i etableringsprosessen. Kommunen har også oversyn over ledige næringstomter eller -lokale. Evt ta kontakt med hoppid.no på tlf 911 77 884.

 

Ønsker du mer info om Fræna Kommune, sjekk ut vår hjemmeside.

Fræna er ein kystkommune med om lag 9500 innbyggjarar. Kommunen dekkjer nesten heile Romsdalshalvøya ut mot Hustadvika og vi er rik på naturessursar. Hustadvika i godvèr, er ei oppleving av dei sjeldne, men er også fasinerande og spanande når storbåra hemningslaus velter seg dundrande inn mot land.

Hustadvika er ei av dei frykta havstrekningane i Noreg. Det ligg mange forliste vrak på havbotn her. Hustadvika er lunefull, men har eit rikt og variert fiske- og fugleliv. Hustadvika har også ein mangfoldig undervannsvegetasjon og eit vakkert undervannslandskap. Det er ikkje utan grunn at Hustadvika er vorte ein av dei mest populære stadane i Nord Europa å drive sportsdykking. Som kystkommune er mange store fiskefarty heimehøyrande i Fræna, og fiskeforedlingsbedriftene foredler og sel fisk både til inn- og utland.

Fjella i Fræna inneheld mykje kalkstein som vert nyttiggjort av ein av dei største industribedriftene i kommunen, Hustadmarmor AS. Av kalkstein vert det laga Hydrocarb slurry, eit produkt som mellom anna vert brukt til fyll i og bestrykningspigment i papir av finare kvalitet. Ca 95% av produksjonen går til eksport. Kalkstein- og marmorforekomstene i fjella gjev ikkje berre arbeidsplassar og forteneste, men også naturopplevingar av dei sjeldne. I desse kalkrike fjella veks også ein orkide, Marisko. Denne er freda. Kalksteinsgrotta, Trollkyrkja, som er laga av naturen sjølve, er i dag ein stor turistattraksjon og vert vitja av eit stort tal turistar kvart år.

Den næringsrike jorda, samt dyktige og arbeidssome bønder, har gjort Fræna til den største jordbrukskommunen mellom Stavanger og Trondheim. Tine Midt Norge har ei stor avdeling i Elnesvågen, kor det blant anna vert produsert: Jarlsbergost, brunost og japanprim. Fræna er også heimkommunen til den einaste bilfabrikken i Noreg, dumperfabrikken Doosan Moxy AS. Mesteparten av produksjonen går til eksport.

Ved siden av Trollkyrkja, har Fræna kommune ei rekkje andre turistattraksjonar. Det fråflytta fiskeveret Bjørnsund er i dag eit ferieparadis av dei sjeldne. Kommunen driver i dag leirskole på Nordre Bjørnsund. Det er faktisk 5 års ventetid på å få plass på leirskolen. Bud, som var den største staden mellom Trondheim og Bergen i middelalderen, har i dag vorte et turistmål å rekne med. Her ligg Ergan Kystfort, eit underjordisk tysk krigsfort frå andre verdskrig som er restaurert og vert drive som museum. Fugleberget på Ergan må også nemnast. Her kjem tusenvis av krykkjer kvart år i februar, hekker og set kursen mot sør-Atlanteren igjen, ein gong midt i august. Skaret Turistsenter er staden ein dreg til om vinteren når ein skal gå på ski, eller om sommaren i fall ein vil bade i oppvarma ferskvatn. Her er også gode merka turløyper, anten det er sommar eller vinter.

Anders Sandvik er født i Fræna. Anders Sandvik forstod tidleg verdien av å ta vare på gamle ting. Han redda mange store kulturskattar frå utanlandske oppkjøparar og la grunnlaget for det som i dag er eit av dei største musea i Nord Europa, Maihaugen på Lillehammer. I Elnesvågen held kommuneadministrasjonen til. Her er også legesenter, butikksenter, ungdoms- og vidaregående skole. Sjølv om Fræna kommune har store og varierte naturressursar, er nok dei om lag 9500 hyggjelege menneske som bur her den største ressursen kommunen har.

Organisasjonsnummer:: 845241112
Firmanavn: Fræna kommune
Firma e-post: geir.tore.vestad@frana.kommune.no
Land: Norge
Telefon: 71 26 81 00
Adresse: Rådhuset,
Sted: Elnesvågen

Åpningstider

Åpningstider: Mandag 8:00 - 16:00
Tirsdag 8:00 - 16:00
Onsdag 8:00 - 16:00
Torsdag 8:00 - 16:00
Fredag 8:00 - 16:00

Kontakt Firma

Firmanavn: Fræna kommune

Send forespørsel til Firma


Kort beskrivelse om skjema

Sikkerhet

captchaVennligst legg inn bokstavene du ser på bildet.
Klikk på bildet for å tegne.


Denne skjema tilgjengelig til alle firma